Støtteerklæring

Studentar støttar streikande i Industri Energi

Snart skal vi stå ved dokkar side som arbeidskollegaer.
 
Vi støttar dokker i dokkar kamp for eit anstendig arbeidsliv og den norske modellens prinsipp.

Studentar støttar streikande i Industri Energi
Til IE-medlemar i streik
Som studentar kjempar vi, studentmedlemar i Industri Energi, for det arbeidslivet vi vil ha når vi går
ut i arbeid. Derfor støttar vi dokker i dokkar legitime streik.

Den norske modellen handlar om gjensidig tillit mellom arbeidar- og arbeidsgivarsida. Når
arbeidsgivaren inngår ein dårleg avtale med eit lite forbund, og så forsøker å tvinge det store
fleirtalet til å godta den, kan ein ikkje lenger snakke om tillit. Ved å bruke ei mindre brikke på
sjakkbrettet prøver arbeidsgivarane å pålegge dokker ein avtale som verken gagnar dokker eller
SAFE — og faktisk ingen annan enn arbeidsgivarane sjølve.

Dokker har blitt offer for ei arbeidsgivarside som misbruker den «oljekrisa» vi har no, og
gjennomfører den splitt-og- hersk-politikken dei alltid har drøymt om å gjennomføre. Tilliten til
arbeidsgivarane minkar enno meir når dei sprer løgn og slarv om dokkar krav.
 
Snart skal vi stå ved dokkar side som arbeidskollegaer. Den dagen forventar vi at alle arbeidarar
og alle fagforeiningar blir behandla seriøst av arbeisdsgivaren. Da kan vi ikkje godta at lønsgapet
mellom forskjellege yrkesgrupper på same arbeidsplass aukar, og heller ikkje at arbeidsgivarsida
fer med løgn for å sverte arbeidaranes sak.

 
Vi støttar dokker i dokkar kamp for eit anstendig arbeidsliv og den norske modellens prinsipp.
 
 
 
Vedlagt ligger en video fra Studentene!

 



 

Relaterte filer

StøtteutalelseVB

   Del på:         
tips en venn!
Mottakers e-post:*
Din e-post:*
Ditt navn:*
(* betyr at feltene er påkrevd)
Søk:ightSearchContainerText">Søk: